IL Gular - orientering

Har du lyst til å springa orientering mellom dei sju fjell?

IL Gular har eit godt tilbud til studentar og andre som er interessert i orientering. Enten du har sprunget orientering i mange år eller aldri har tatt ut ein kompass-kurs før, så er du hjarteleg velkommen til å vera med i Gular.

IL Gular

drottslaget Gular er sprunget ut av Bygdeungdomslaget i Bergen, og har tradisjonelt hatt mange medlemmer som ikkje er fra Bergen. På Gular-treningane er mange dialektar representert. Gular har friidretts- og orienteringsgruppe.

Idrettslaget har også eit eige hybelhus i Sandviken kor huslause medlemmer kan få ly. For meir informasjon om Gularhuset sjå her.

Orientering i Gular

Gular har Vestlandets beste og mest aktive orienteringsgruppe. Både våre dameløperar og herreløparar vann i år KM- og DM-stafett. Me deltar også på dei største stafettane i Norden, TIO-mila og Jukola. Jukola er verdens største o-stafett. Gular er kjent for sitt gode sosiale miljø - alle våre festar, turar og arrangement gjer at vårt gode sosiale miljø er viden kjent.

Treningstider

Vår hovedtrening er torsdagar på Skansemyren. Då er det løpetrening, langtur eller intervaller, kl. 19.00 og enkel styrkesirkel kl. 19.50. Sesongen begynner etter påske. Då kan ein delta på treningsløp (tirsdag eller onsdag) og/eller konkurranser i helgene. Dei fleste løpa går i Bergens-området.

Ynskjer du ein innføring i orientering? Det er fint muleg å komma seg gjennom ei lett o-løype berre ved hjelp av ein kjapp innføring fra ein av oss før start.

Vil du vita meir? Vår kontaktperson på Universitetet er Christiane Tröße
tlf. 56907157. Ta gjerne kontakt med henne eller Birgitte via ingerbirgitte@yahoo.com, eller still opp på ein av våre treningar. Du kan også finna informasjon på vår heimeside:

www.gular.org

IL Gular
webmaster

Last updated